Årsmøte Ottadalen Sykkelklubb Vågå Hotell 15.februar 2008
Frammøtte:
Arne Heier, Tore Johansen, Tore Sundero, Arild Lillebråten, Jørn Mikalsen,
Thore Berntsen, Pål Haugen, Hans Ødegård, Per Ivar Weydahl, Lars Kåre Mork,
Christen Tellefsen, Anders Nordnes, Kjell Ivar Brun og Gudbrand Mo.
Leiar i
klubben Per Ivar Weydahl ynskjer velkommen.
Sak 1.
Innkalling og årsmelding.
Per Ivar
Weydahl går gjennom årsmeldinga.
Ingen har
noko å seie på årsmeldinga eller innkallinga til årsmøtet.
Sak 2.
Rekneskap og budsjett.
Kasserar
Anders Nordnes går gjennom rekneskapet for 2007 og budsjett for 2008.
Resultatet
viser eit underskot på kr 23.000. Dette har samanheng med store innkjøp av
sykkelklede som blir seld i 2008. Klubben har kr 115.000 på konto og klubbklede
for 83.000 på lager ved nyttår 2008. Rekneskap og budsjett blir einstemmig
vedteke.
Anders
sender ut rekneskap for 2007 og budsjett for 2008 på e-mail til alle medlemmar.
Sak 3. Medlemskontingent
for 2009
Det blir
framlagt forslag om at medlemskontingenten skal aukast frå 150 kr til 200 kr for
enkeltmedlemmar og frå 200 kr til 250 kr for familiemedlemskap.
Einstemmig
vedteke.
Sak 4.
Val
Marthe
Berntsen og Jon Aasvang Dalen går ut av styret.
Arne
Heier blir vald til nytt styremedlem for 2 år.
Det har
vore problem med å skaffe nye til styret i klubben. Det blir drøfta om antall
styremedlemmar kan reduserast frå 6 til 5. Dette blir einstemmig vedteke.
Nytt
styre for 2008 blir:
Per Ivar
Weydahl – formann
Anders
Nordens – kasserar
Pål
Haugen - nestleiar
Arne
Heier
Gudbrand
Mo
Vara: Erik Trønnes
Kjetil
Steineide går ut som medlem av valkomiteèn. Tore Sundero blir vald som nytt
medlem or 2 år. Nils Arne Haugen held fram som revisor.
Valkomiteèn
for 2008:
Lars Kåre
Mork og Tore Sundero.
Revisor
Nils Arne Haugen.
Sak 4.
Rekrutteringstiltak.
Klubben
har hatt ei auke i medlemmar dei siste åra. Aktiviteten har vore stor både på
landevegen og i terreng ritt, men tilgangen på aktive medlemmar i ung alder er
svært dårleg.
Det blir
drøfta kva som skal til for å få med fleire ungdommar på trening og ritt. Eit
problem som blir nemnt er at intensiteten på trening er såpass høg, at det er
vanskeleg å bli med dersom ein ikkje held eit ganske høgt nivå frå fyrste stund.
Dette kan løysast ved å informere enda betre om at tempoet skal tilpassast alle
under oppvarming og avslutning av treningsturar. Det er viktig at ein eller to
tek seg spesielt av nye på trening. På turane som skal vera rolege er det
viktig å vera bevisst på at alle skal køyre samla så langt som råd.
Christen
Tellefsen tek ansvar for å dra i gang ei gruppe for unge/ungdommar i Heidalen.
Ingen
andre konkrete prosjekt kom fram.
Sak 5.
Treningsplan for 2008.
Det vart
drøfta treningsplan for sesongen 2008. Treningskveldane blir som før, med ein
kveld på Lalm og ein kveld i Vågå midt i veka. I helgane blir det langtur på
søndag. Det var brei einigheit om at treningsplanen hadde fungert ganske godt
fram til Sankt-Hans og Trondheim-Oslo i fjor. Etter dette vart det litt meir
variert fordi det ikkje var laga ein god og detaljert treningsplan. Kjell Ivar
Brun får ansvaret for å lage treningsplan for off-road sesongen, med blanding
av rolege turar og intervalltrening. Pål Haugen lagar opplegg for vårsesongen
på racersykkel. Det er viktig å få til nokre felles turar for alle, uansett
kvar deltakarane er busett.
Sak 6.
Orientering om Team Gudbrandsdal.
Også i år
skal klubben ha felles startpulje i lagkonkurransene på Trondheim og
Lillehammer-Oslo, med Lågen og Lillehammer CK. Tore Sundero og Nils Kvehaugen
er pådrivarane for Trondheim-Oslo mens det enno ikkje er nokon som har dratt i
gang eit eventuelt lag frå Lillehammer. Det blir oppsette treningsdagar for
dette samarbeidet utover våren. Dette blir på søndagar og det blir prioritert
langturar og lagkøyring. Tore Sundero melder om at det er ganske stor interesse
for opplegget og allereie mange påmeldte. Han understreka at treningane er åpne
for alle interessert og ikkje berre dei som skal delta på Trondheim eller
Lillehammer- Oslo.
Møtet
slutt
Gudbrand Mo
skrivar