Birkebeinerrennet 2011 – overnatting og buss

 

Hei birkebeinere – både gamle og unge – damer og menn!

 

Eg har ordna med buss og overnatting i år også!

 

Programmet er følgjande;

 

Avreise frå Bilkontoret i Vågå fredag 18. mars kl. 11.00.

Stopp for å plukke opp løpere på Lalm, Otta, Sjoa – stopp ved Håkons Hall for å hente startnummer og shoppe litt.

Avreise frå Lillehammer ca. kl. 15.00 – stopp for å eta middag på Biri.

Stopp på Rena 1 times tid for henting av startnummer og meir shopping!

 

På Osvang får vi madrasser å ligge på og som i fjor vil dei også ordne med middagsservering/annan matservering og frokost laurdagsmorgonen.

Avreise til Rena laurdagmorgon – neste stopp starten på Rena. Der står bussen til sistemann skal starte.

Resten kjenner døkk godt alle saman! Mange nervøse lag med skismøring – ofte litt for mange – nervøs mage og blære – eit par og kanskje fleire dobesøk, men så står vi der på startstreken og alvoret er i gang!

Neste stopp Birkebeiner skistadion og etter kvart Lillehammer, der dusjen, diplomer og kanskje merke og premie og etter kvart bussen venter på oss.

Før vi vender nasen oppover dalen att har vi fått i oss eit velfortjent herleg måltid og god drikke attåt!

 

Prisen på overnattinga veit eg ikkje heilt sikkert enno, men tippar ca. kr 300-350 inkl. maten – prisen for bussen er avhengig av kor mange som blir med – med 20 passasjerer blir det ca.  550 pr. pers.

 

Du kan melde deg på til meg på epost bjorn.bakke@lom.kommune.no eller på

tlf. 90947400.

Siste frist for påmelding er den 11. mars.

 

Mvh

 

Bjørn Bakke