|
JOTUNHEIMEN RUNDT 9. OG 10. JULI 2010
Vi har hatt tre arrangement som har vore vellukka i vår. Jotunheimen Rundt
er vårt siste arrangement som krevjar stor innsats frå klubbens medlemmar.
(Minnerittet på Høvringen slepper vi lettare unna og Viking Tour går ikkje
i distriktet vårt i år). Vi er medarrangør og får betalt for jobben. Like viktig er det at
dette er eit stort arr. som krevjar at lokale lag stiller opp.
Vi har matstasjon på Lemonsjøen som er bemanna frå 03.00 til ca. 11.00
Rigging fredag kveld med 2-3 pers.
Ansvarleg for Lemonsjøen er i utgangspunktet Trond Sylte
På natta bør det vere ca. 6 personar frå 03.00-08.00
I Lom har vi matstasjon m/gryterett og start Lille Jotunheimen.
Ansvarleg for opplegget i Lom er Ivar Bronken
Opplegget i Lom krevjar fleire folk og meir rigging fredagskvelden, inkl.
førebuing av gryterett enn opplegget på Lemonsjøen.
Matstasjonen bør vere i drift frå ca. 04.30
Eg vil anslå at ein treng 4 personar for rigging + 3-4 personar som
førebur gryteretten
På morgonen bør det etter kvart vere 6 stk frå ca. 04.30
Starten på Lom Sogndal har gått 13.00 og trøkket med påmeldingar vil nok
bli betydeleg frå ca. 10.00 Då må ein ha mange på plass. Det er og viktig
at det er folk på plass på nedrigginga. Vil anta at det med fordel kan vere
6-8 stk. på plass fram til starten nærmar seg og at ein bør vere 4 att til
nedrigging.
Dei som skal sykle Lom - Sogndal kan med fordel ta ein sjau om morgonen.
Melding om du kan stille på eit av tidspunkta kan sendast pr. SMS til
92041410 (Per-Ivar Weydahl) eller e-post: per-ivar.weydahl@vaga.kommune.no
Detaljerte arbeidslister vil kome etter kvart som vi får oversikt over
folk.
Om du er borte frå distriktet eller av andre grunner ikkje kan stille er
det greitt å få attendemelding på dette, slik at vi ikkje treng å bruke
energi på å kontakte personar som er uaktuelle. Kan du stille med
erstattar, er det fint. Kan du stille med deg sjølv og ein til er det alle
tiders!
Om det blir få som meldar seg, er vi nøydt til velje frå medlemslista.
Helsing Per-Ivar Weydahl (leiar)
|